Tilsynsrapport Power Norge AS

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Power Norge AS. Tilsynet avdekte 4 avvik på områda koding, skjema, navigasjon og kontrast.

Publisert: 29. jul 2019, Sist endra: 07. aug 2019

1 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

Vi gjennomførte tilsyn med Power Norge AS i tidsrommet 14.05.2019 til 27.06.2019. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://www.power.no/.

Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, for dei delane av ikt-løysinga som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

2 Resultat

Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden. Testinga er avgrensa til utvalde sider i kjøpsløpet, men omfattar ikkje oppretting av brukar eller gjennomføring av kjøp.

Det er avdekka brot på 7 av 8 krav som er testa, og feila er gruppert i 4 avvik. Det er ikkje gitt merknader.

Tabellen under gir ei oversikt over alle element som er testa på nettstaden, fordelt på testreglar. Tabellen viser tal brot og samsvar, og kor mange element som er testa totalt.

TestregelTal ikkje førekomstTal brotTal samsvarSum testa
111b05510
143c0303
222a3003
331a15915
332a013215
411a0303
412a011415
412b04610

Resultata er dokumentert med skjermbilde og skriftleg grunngjeving.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdere om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

2.1 Avvik 1: Koding

Power AS sikrar ikkje korrekt koding av innhald på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Sider med syntaksfeil i koden.
SideElement som ikkje er nøsta korrektElement som ikkje er avslutta korrektElement som har same attributt fleire gongerElement som har IDar som ikkje er unikeSumFatal error
197023102Nei
297026105Nei
330014Nei
Sum1970410211 
b) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
NrSideElement
1Side 1Søkefelt i header.
2Side 1"Chat med oss" - Navn
3Side 1"Chat med oss" - E-postadresse
4Side 1"Chat med oss" - Telefonnummer
5Side 1"POWERs nyhetsbrev" - Skriv inn ditt navn
6Side 3"2 Leveringsinformasjon" - Fornavn
7Side 3"2 Leveringsinformasjon" - Etternavn
8Side 3"2 Leveringsinformasjon" - Telefon
9Side 3"3 Leveringsmetode" - Post i butikk - Velg hentested - Søk
c) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje skjemaelementet.
NrSideElement
1Side 2Inputfelt for å skrive inn postnummer under "Lagerstatus i butikk".
2Side 3"1 Handlekurv" - Felt for å beregne frakt
d) Knapp er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
NrSideElement
1Side 1Søkeknapp i søkefeltet i header.
2Side 1Lukk påmelding til nyheitsbrev-knapp
3Side 3+ -knapp for å auke antal element i handlekorga.
e) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
NrSideElement
1Side 3Fortsett-knappen i steg "1 Handlekurv".

2.1.1 Kommentar avvik 1

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

  • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
  • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon, på same språk som nettsida. Identifikasjon av skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.
    • Dersom skjemaelementet høyrer til ei gruppe, er det i tillegg kopla til ein ledetekst som gjeld for gruppa. Ledeteksten identifiserer gruppa.

2.2 Avvik 2 : Skjema

Power AS sikrar ikkje tilstrekkelege feilmeldingar og merking av obligatoriske skjemaelement i skjema på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir ikkje tekstleg feilmelding.
NrSideElement
1Side 1"Send inn ditt navn"
2Side 3"Telefon"
b) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir feilmelding som ikkje identifiserer kvar feilen er oppstått.
NrSideElement
1Side 1"Navn"
2Side 1"E-postadresse"
3Side 1"Telefonnummer"
c) Skjema manglar informasjon om at skjemaelement er obligatoriske.
NrSideElement
1Side 1"Navn"
2Side 1"E-postadresse"
3Side 1"Telefonnummer"
4Side 3Felt for å beregne frakt.
5Side 3Radioknappar for å velge leveringsmetode.
6Side 3Radioknappar for å velge leveringsmetode.
7Side 3Avhukingsboks for å godta vilkåra.
8Side 3Radioknappar for å velge betalingsmetode.
d) Informasjon om obligatoriske skjemaelement er i form av ikon/symbol/bilde. Ikon/symbol/bilde er ikkje tekstleg forklart.
NrSideElement
1Side 3"Fornavn"
2Side 3"Etternavn"
3Side 3"Adresse"
4Side 3"Email"
5Side 3"Telefon"

2.2.1 Kommentar avvik 2

Identifikasjon og beskriving av inputfeil i skjema, vil og gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

  • Dersom det blir oppdaga automatisk at obligatoriske skjemaelement ikkje er fylt ut, gjeld følgjande:
    • Brukaren får ei tekstleg feilmelding
    • Feilmeldinga er koda som tekst
    • Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod
    • Feilmeldinga beskriv feilen
  • Når det er opplyst om at skjemaelement er obligatoriske med symbol, for eksempel stjerne (*), skal det vere forklart før symbolet blir teke i bruk første gong.

2.3 Avvik 3 : Navigasjon

Power AS sikrar ikkje at lenka bilde på nettstaden har tilstrekkeleg tekstalternativ.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Lenka bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.
NrSideElement
1Side 1Power-logo oppe i banner.
b) Lenka bilde manglar alt-attributt.
NrSideElement
1Side 1"Se ukens kundeavis".
2Side 1Bilde knytt til "Trådløse støvsugere".
3Side 1Bilde av GoPro HERO7, under "POWER-MAGASINET".
4Side 3Power-logo i header.

2.3.1 Kommentar avvik 3

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for blinde og synshemma, og brukarar med nedsett konsentrasjon eller kognisjon.

  • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.
  • Brukaren skal kunne stoppe, pause eller skjule innhald som bevegar seg, eventuelt styre oppdateringsfrekvensen.
    • Innhald som bevegar seg, for eksempel film, animasjonar, annonser, med meir, kan føre til at brukarar ikkje klarar å konsentrere seg om anna innhald på sida.

2.4 Avvik 4 : Kontrast

Power AS sikrar ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Testside har kontrastfeil.
NrSideElement
1Side 1Antall feil: 2
2Side 2Antall feil: 14
3Side 3Antall feil: 4

2.4.1 Kommentar avvik 4

Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

  • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

3 Om kontrollen

3.1 Tema

Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Power Norge AS etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

Tilsynet omfatta følgjande tema

  • skjema
  • navigasjon
  • koding av innhald
  • struktur og presentasjon
  • tekstalternativ

      3.2 Krav

      Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen

      3.3 Testreglar

      Tilsynets tolking av krava i regelverket og testreglane vi brukar under testinga er publisert på nettstaden vår.

      Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen

      • 1.1.1b Formål med lenka bilde går fram av lenketekst og/eller tekstalternativ
      • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
      • 2.2.2a Det er mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar
      • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
      • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
      • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
      • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
      • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

      3.4 Testinga av nettstaden

      Vi har testa 8 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 8 testreglar. Verifikasjonen er gjort ved testing av 3 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider står i punkt 3.5.

      Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

      Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.

        3.5 Enkeltsider som vart testa

        Vi har testa følgjande enkeltsider:

        1. Framside
        2. Artikkelside
        3. Handlekorg/betaling

        3.6 Aktivitet under tilsynet

        Tilsynet med Power Norge AS omfatta følgjande aktivitetar:

        1. Tilsynsvarselet vart sendt 14.05.2019.
        2. Stadfesting av motteke tilsynsvarsel og kontaktperson ble motteke 14.05.2019.
        3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 23.
        4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 27.06.2019.
        5. Tilbakemelding frå verksemda og oversikt over retting av feil vart motteke 11.07.2019.

            4 Regelverk

            Oversikt over aktuelt regelverk for kontrollen

            5 Standarden for nettløysingar

            Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

            • Syn
            • Kognisjon
            • Lese- og skrivevanskar
            • Norsk som andrespråk
            • Motorikk
            • Høyrsel
            • Epilepsi
            • Belastningsskadar

            Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

            Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

            35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

            WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

            • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
            • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
            • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

            I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.