Tilsynsrapport Aftenposten AS - revidert

Revidert rapport som gjer greie for resultata etter tilsynet med Aftenposten AS. Tilsynet avdekte 5 avvik og det blei gitt 4 merknader. Resultatet er endra etter nye faktaopplysningar, dialog om tilpassa handheving av krava for mediesektoren og innhald som verksemda har dokumentert ligg utanfor deira kontroll.

Publisert: 18. des 2019, Sist endra: 28. jan 2020

 1 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

Vi gjennomførte tilsyn med Aftenposten AS i tidsrommet 08.04.2019 til 13.06.2019. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://www.aftenposten.no/.

Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, for dei delane av ikt-løysinga som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

1.1 Tilpassa handheving av krava i mediesektoren

Både Grunnloven § 100 og EMK artikkel 10 har bestemmelser om at media skal kunne «meddele opplysninger og ideer uten inngrep av offentlig myndighet og uten hensyn til grenser». Det inneber at offentlege styresmakter som hovudregel ikkje skal gripa inn i media sin ytringsfridom, jf. også lov om redaksjonell fridom.

Pressefridomen er likevel ikkje absolutt, og det kan etter andre ledd gjerast unntak som er "nødvendige i et demokratisk samfunn".

Etter praksis i EMD må unntaket ha eit legitimt føremål, i tillegg til å vera nødvendig og forholdsmessig. I vurderinga av kva som er nødvendig viser EMD til at det bør ligga føre eit "pressing social need", men at medlemsstatane har ein viss skjønnsmargin i vurderinga av om et slikt behov er til stades.

Det er ikkje tvil om at krav til universell utforming av ikt skal sikra eit legitimt føremål. Også media skal etterleve regelverk som set rammer for publisering på internett, så lenge krava utgjer nødvendige og forholdsmessige inngrep i den grunnleggande ytringsfridomen.

Minimumskrava i regelverket for universell utforming grip inn i den redaksjonelle fridomen i ulik grad.

I etterkant av tilsyna har spørsmålet om avveging mellom pressefridom og omsynet til likeverdig tilgang til informasjon vore ein del av dialogen med mediesektoren.

Omsynet til pressefridom og redaksjonell fridom må vegast mot føremålet med regelverket om universell utforming av ikt og brukaren sin rett til informasjon og ytringsfridom.

Redaksjonell fridom og det offentlege si tilrettelegging av infrastruktur for offentleg debatt, vil alltid stå i eit visst spenningsforhold.

Eit demokratisk samfunn bygger på at alle kan tileigne seg informasjon, og medias rolle som ein av samfunnets viktigaste informasjonsformidlarar må difor vege tungt.

Vi framhevar i denne samanheng særleg styresmaktene si plikt til å skapa offentleg rom for samtale og diskusjon. Dette omsynet veg som hovudregel opp for dei relativt lite inngripande krava i regelverket. Brukarane har også ein ytringsrett, noko som føreset at dei har tilgang på informasjon for å delta i samfunnsdebatten.

Avveginga av interesser og omsyn som i utgangspunktet er likeverdige, har ført til at tilsynet legg seg på en praksis som inneber ei tilpassa handheving av deler av krava til universell utforming av ikt for denne sektoren.

For mediesektoren vil tilsynet, i lys av pressefridomen, utvise større skjønn når det gjeld å vurdere og stille krav til kvaliteten av innhald på nettstaden. Dette gjeld for eksempel vurderinga av om tekstalternativ, overskrifter, lenketekster og ledetekster, er beskrivande.

Difi har i perioden i oktober – desember gjort ei ny vurdering av brota på krava, som er avdekka under kontrollane med mediesektoren.

Omsynet til pressefridom gjer at brot på krav eller deler av krav som gjeld kvalitet, er vurdert på nytt, og nokre av brota er i denne derfor saka flytta frå avvik til merknader.

1.2 Innhald som verksemda har dokumentert ligg utanfor deira kontroll

Når det gjeld brot på krava der verksemda har dokumentert at det aktuelle innhaldet som ikkje er i samsvar med krava, ligg utanfor deira kontroll, skal dette ikkje følgjast opp med sanksjonar. Det vil vera uforholdsmessig å krevja retting av feil som verksemda ikkje kan påverka anten direkte eller i kontrakt, jf. ldl. § 17 tredje ledd.

Utgangspunktet er at verksemdene bestemmer om dei vil publisera «embedded» innhald frå andre nettstader eller leverandørar dei ikkje har kontrakt med.  

Etter at endeleg tilsynsrapport blei sendt ut, har tilsynet fått dokumentasjon som beskriv kva innhald mediesektoren vurderer at dei ikkje har kontroll over. Dette gjeld annonser frå annonsebørs, og redaksjonelt innhald frå tredjepart som er «embedded» på nettstaden.

Annonsebørs skil seg frå tradisjonelt annonsesal, fordi hovudansvar og kontroll av annonseringa blir flytt frå seljarsida til kjøparsida.

Annonsebørs er ein marknadsplass der annonseseljar kan tilby sine annonsevisningar for sal via eit annonsenettverk. Annonsekjøpar, ofte byrå, brukar ein demand-side platform (DSP) for å kople til børsen og for å plassere sine bod. Kjøpa er real-time-bidding (RTB) og dei blir gjennomført programmatisk. Auksjonen skjer i løpet av millisekund, samtidig som brukaren laster nettstaden.

Organiseringa av annonsebørs og at prosessen er programmatisk inneber etter tilsynet vurdering at medieverksemdene ikkje kan påverka i kva grad slike annonser er universelt utforma før publisering.  

Når det gjeld redaksjonelt innhald frå tredjepart som er «embedded» på nettstaden, viser medieverksemdene til at dei kan gå i dialog med norske leverandørar i kontrakt, men at dei ikkje har reell kontroll over utforminga av innhald henta frå ein internasjonal tredjepart (for eksempel Facebook eller Twitter).

Medieverksemdene står i ei særstilling når det «embedding» av innhald som ledd i aktuell nyheitsformidling, mellom anna fordi embedding av innhald vert brukt til å formidle innhald frå andre aktørar, som ein del av nyheitsformidlinga. Døme på dette kan vere video frå Instagram eller andre sosiale media, kart frå Google Maps osv. Under kontrollen avdekka tilsynet ei rekkje brot på krava i eit SAS-skjema som var «embedda» på nettstaden til Aftenposten.

Tilsynet legg til grunn at bruken av SAS-skjemaet var ein del av en dagsaktuell sak i media, knytt til mange forseinkingar og kansellerte fly, som igjen påverka mange passasjerar.

Etter ei konkret vurdering i denne saka, vil det i lys av pressefridomen vera  uforholdsmessig å krevje retting av feil i dette skjemaet, jf. punkt 1.1.

På bakgrunn av dette er resultata vurdert på nytt og nokre av brota er i denne saka derfor flytta frå avvik til merknader.

2 Resultat

Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

Det er avdekka brot på 8 av 8 krav som er testa. Feila er gruppert i 5 avvik og 4 merknader.

Resultata er dokumentert med skjermbilde og skriftleg grunngjeving.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdere om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

Tabellen under gir ei oversikt over alle element som er testa på nettstaden, fordelt på testreglar. Tabellen viser tal brot og samsvar, og kor mange element som er testa totalt.

Testregel

Tal ikkje forekomst

Tal brudd

Tal samsvar

Sum testa

111b

0

18

12

30

122a

3

2

1

6

143c

0

5

1

6

222a

3

4

0

7

331a

6

1

6

13

332a

3

10

3

16

411a

0

4

2

6

412a

0

7

6

13

412b

0

8

6

14

2.1 Avvik 1: Navigasjon

Aftenposten AS sikrar ikkje tilstrekkeleg navigasjon på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Lenka bilde manglar alt-attributt

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 1

Bilde til "Aftenpodden" - Podcasttjeneste

1.1.1b-16

2

Side 1

Bilde til "Forklart" - Podcasttjeneste

1.1.1b-17

3

Side 1

Bilde til "Serieprat" - Podcasttjeneste

1.1.1b-18

4

Side 2

Bilde til nyhetsartikkel - Delayed or canceled flights

1.1.1b-29

5

Side 2

Bilde til nyhetssak - 75 nye bomstasjoner med Frp i Regjering. Bompenger har gått fra vinnersak til hodepine for Frp.

1.1.1b-33

6

Side 3

Bilde i nyhetsartikkel - Messi i armene til Suarez

1.1.1b-28

7

Side 4

Hovedbilde til artikkel - øverst på siden

1.1.1b-32

8

Side 4

Bilde til nyhetssak - Aftenposten Oslo - spaltist Leif Gjerland fikk kunstnerpris av kommunen

1.1.1b-34

9

Side 4

Bilde til nyhetssak - Seks nordmenn innbrakt eller pågrepet etter nazidemonstrasjon i Sverige

1.1.1b-35

10

Side 4

Bilde til nyhetssak - Hockeytalentet Ena Nystrøm (19) måtte flytte fra Stavanger for å bli bedre: – De ville ikke satse på meg fordi jeg er jente

1.1.1b-36

b) Lenka bilde manglar tekstalternativ.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 6

Informasjon om personvern ("i") i skjema

1.1.1b-31

c) Det er ikkje mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 1

Video: "FORKLART: Er flere allergiske mot pollen nå? Forklart gir deg svaret på vårens viktigste spørsmål om pollen i dagens episode".

2.2.2a-01

2.1.1 Kommentar avvik 1

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for blinde og synshemma, og brukarar med nedsett konsentrasjon eller kognisjon.

  • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal som minimum ha eit alt-attributt og eit tekstalternativ til bilde.
  • Brukaren skal kunne stoppe, pause eller skjule innhald som bevegar seg, eventuelt styre oppdateringsfrekvensen.
    • Innhald som bevegar seg, for eksempel film, animasjonar, annonser, med meir, kan føre til at brukarar ikkje klarar å konsentrere seg om anna innhald på sida.

2.2 Avvik 2: Koding

Aftenposten AS sikrar ikkje korrekt koding av innhaldet på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Sider med syntaksfeil i koden

Side

Element som ikkje er nøsta korrekt

Element som ikkje er avslutta korrekt

Element som har same attributt fleire gonger

Element som har IDar som ikkje er unike

Sum

Fatal error

1

6

0

0

1

7

Nei

2

1

0

0

0

1

Nei

3

1

0

0

0

1

Nei

4

1

0

0

0

1

Nei

Sum

9

0

0

1

10

 

b) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 1

Restaurantguiden - søkefelt

4.1.2a-02

c) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 2

Aftenposten "pop up" knapp - Ved aktivering varsles du om at du leser din siste gratis artikkel denne uken

4.1.2b-08

2

Side 4

Play knapp i videospiller

4.1.2b-13

d) Knapp er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje knappen.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 3, Side 4

Volumknapp i videospiller

4.1.2b-11

2

Side 3

Fullskjermvisnings knapp i videospiller

4.1.2b-12

2.2.1 Kommentar avvik 2

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

  • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
  • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon, på same språk som nettsida. Identifikasjon av skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.
    • Dersom skjemaelementet høyrer til ei gruppe, er det i tillegg kopla til ein ledetekst som gjeld for gruppa. Ledeteksten identifiserer gruppa.

2.3 Avvik 3: Kontrast

Aftenposten AS sikrar ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Testside har kontrastfeil.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 1

Antall feil: 42

1.4.3c-01

2

Side 2

Antall feil: 29

1.4.3c-02

3

Side 3

Antall feil: 2

1.4.3c-03

4

Side 4

Antall feil: 1

1.4.3c-04

5

Side 6

Antall feil: 14

1.4.3c-06

2.3.1 Kommentar avvik 3

Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

  • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

2.4 Avvik 4: Skjema

Aftenposten AS sikrar ikkje tilstrekkelege ledetekstar, instruksjonar og feilmeldingar i skjema på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir ikkje tekstleg feilmelding.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 1

Søkefelt tilknyttet restaurantguiden

3.3.1a-02

b) Skjema manglar informasjon om at skjemaelement er obligatoriske.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 6

Avkryssningsboks - Jeg aksepterer brukervilkårene

3.3.2a-16

2

Side 6

Avkryssningsboks - Jeg aksepterer personvernerklæringene

3.3.2a-17

2.4.1 Kommentar avvik 4

Identifikasjon og beskriving av inputfeil i skjema, vil og gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

  • Dersom det blir oppdaga automatisk at obligatoriske skjemaelement ikkje er fylt ut, gjeld følgande:
    • Brukaren får ei tekstleg feilmelding
    • Feilmeldinga er koda som tekst
    • Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod
    • Feilmeldinga beskriv feilen
  • Når det er opplyst om at skjemaelement er obligatoriske med symbol, for eksempel stjerne (*), skal det vere forklart før symbolet blir teke i bruk første gong.

2.5 Avvik 5: Teksting eller tekstalternativ til video

Aftenposten AS sikrar ikkje tilstrekkeleg teksting eller tekstalternativ til førehandinnspelt video på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Videoklipp har ikkje teksting. Videoklipp har ikkje tekstalternativ.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 3

Video - Utdrag fra fotballkampen mellom Barcelona og Liverpool

1.2.2a-03

2.5.1 Kommentar avvik 5

Feila som er avdekka, gjer nettstaden vanskelegare å bruke for alle, og særleg døve og høyrselshemma.

Førehandsinnspelt video med lyd, skal ha alternativ i form av teksting eller tekstalternativ.

  • Teksting, som anten ligg fast (open teksting) eller som kan slåast på (skjult teksting) skal:
    • Formidle innhaldet i lyd og bilde, og innehalde følgande element: Tale og dialog med markering av kven som snakkar, og lydinnhald som er viktig for å forstå videoen. Vere visuelt synleg, men ikkje forstyrre viktig innhald i videoen.
  • Tekstalternativ, som er visuelt plassert nær videoklippet, eller kan nåast via ein mekanisme (lenke, knapp eller liknande) skal:
    • Vere koda som tekst og formidle innhaldet i lyd og bilde med følgande element: Tale og dialog med markering av kven som snakkar og lydinnhald som er viktig for å forstå videoen.

2.6 Merknad 1: Tredjepartsinnhald utanfor kontroll – Annonser

Aftenposten AS har eit forbetringspotensiale når det gjeld annonseinnhald på nettstaden.

Merknad til følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Lenka bilde har lenketekst som ikkje er beskrivande.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 1

Annonse - Annonse øverst på siden - Se hvem som liker deg tilbake, Møteplassen

1.1.1b-08

b) Lenka bilde manglar tekstalternativ.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 1

Annonse til høyre øverst på siden - Bli medlem, Kickback

1.1.1b-09

c) Lenka bilde manglar alt-attributt.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 1

Annonse midt på siden - Her ser du storfilmer på kino til lavest pris, Let's deal

1.1.1b-14

d) Lenka bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 1

Annonse - Se boliger, Livvin

1.1.1b-15

2

Side 1

Stillingsannonser - Energi Norge

1.1.1b-22

e) Det er ikkje mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 1

Annonse: Festspillene i Bergen

2.2.2a-02

2

Side 1

Annonse: Finn. Sjekk hvor mye boliglånet koster deg.

2.2.2a-03

3

Side 3

Annonse: Lendo

2.2.2a-05

f) Knapp er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 1

Tannhjul i annonse - Meglersiden

4.1.2b-01

2

Side 1

Piler til "annonsekarusell" for ledige stillinger

4.1.2b-04

2.6.1 Kommentar til merknad 1

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for blinde og synshemma, og brukarar med nedsett konsentrasjon eller kognisjon.

  • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.
  • Brukaren skal kunne stoppe, pause eller skjule innhald som bevegar seg, eventuelt styre oppdateringsfrekvensen.
    • Innhald som bevegar seg, for eksempel film, animasjonar, annonser, med meir, kan føre til at brukarar ikkje klarar å konsentrere seg om anna innhald på sida.

2.7 Merknad 2: Tredjepartsinnhald utanfor kontroll – Embedded SAS-skjema

Aftenposten AS har eit forbetringspotensiale når det gjeld embedded innhald på nettstaden.

Merknad til følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Skjema manglar informasjon om at skjemaelement er obligatoriske.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 2

Hvor skal du fly - Fra

3.3.2a-03

2

Side 2

Hvor skal du fly - Til

3.3.2a-04

3

Side 2

Hvor skal du fly – Til

3.3.2a-05

4

Side 2

Hvor skal du fly – Fra

3.3.2a-06

5

Side 2

Hvor skal du fly – Til

3.3.2a-07

6

Side 2

Hvor skal du fly – Fra

3.3.2a-08

7

Side 6

E-post

3.3.2a-12

8

Side 6

Passord

3.3.2a-13

b) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Skjemaelement er plassert i ei gruppe som ikkje er identifisert i koden.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 2

Sjekk dine flyrettigheter - Flyet er forsinket - Til

4.1.2a-03

2

Side 2

Sjekk dine flyrettigheter - Flyet er forsinket - Fra

4.1.2a-04

3

Side 2

Sjekk dine flyrettigheter - Flyet er innstilt - Fra

4.1.2a-05

4

Side 2

Sjekk dine flyrettigheter - Flyet er innstilt- Til

4.1.2a-06

5

Side 2

Sjekk dine flyrettigheter - Flyet er overbooket - Fra

4.1.2a-07

6

Side 2

Sjekk dine flyrettigheter - Flyet er forsinket - Til

4.1.2a-08

c) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 2

Knappen "vis flere dager" - Status for SAS-flyvninger

4.1.2b-07

2.7.1 Kommentar til merknad 2

Identifikasjon og beskriving av inputfeil i skjema, vil og gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

  • Dersom det blir oppdaga automatisk at obligatoriske skjemaelement ikkje er fylt ut, gjeld følgande:
    • Brukaren får ei tekstleg feilmelding
    • Feilmeldinga er koda som tekst
    • Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod
    • Feilmeldinga beskriv feilen
  • Når det er opplyst om at skjemaelement er obligatoriske med symbol, for eksempel stjerne (*), skal det vere forklart før symbolet blir teke i bruk første gong.

2.8 Merknad 3: Tredjepartsinnhald utanfor kontroll - Sosiale medier

Aftenposten AS har eit forbetringspotensiale når det gjeld innhald knytt til sosiale medier på nettstaden.

Merknad til følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Lenka bilde manglar tekstalternativ.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 3

Facebook-ikon under nyhetsbilde

1.1.1b-27

2.8.1 Kommentar til merknad 3

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for blinde og synshemma, og brukarar med nedsett konsentrasjon eller kognisjon.

  • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal som minimum ha eit tekstalternativ til bilde.

2.9 Merknad 4: Beskrivande innhald (kvalitet)

Aftenposten AS har eit forbetringspotensiale når det gjeld beskrivande innhald (kvalitet) på nettstaden.

Merknad til følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Lenka bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.

Nr

Side

Element

Referanse

1

Side 1

Tilbud for deg som abonnerer - Byutviklingskveld

1.1.1b-19

2.9.1 Kommentar til merknad 4

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for blinde og synshemma, og brukarar med nedsett konsentrasjon eller kognisjon.

  • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.

3 Om kontrollen

3.1 Tema

Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Aftenposten AS etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

Tilsynet omfatta følgjande tema

  • skjema
  • navigasjon
  • koding av innhald
  • struktur og presentasjon
  • tekstalternativ

3.2 Krav

Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen

3.3 Testreglar

Tilsynets tolking av krava i regelverket og testreglane vi brukar under testinga er publisert på nettstaden vår.

Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen

  • 1.1.1b Formål med lenka bilde går fram av lenketekst og/eller tekstalternativ
  • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
  • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
  • 2.2.2a Det er mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar
  • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
  • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
  • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
  • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
  • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

3.4 Testinga av nettstaden

Vi har testa 8 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 9 testreglar. Verifikasjonen er gjort ved testing av 6 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider står i punkt 3.5.

Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.

3.5 Enkeltsider som vart testa

Vi har testa følgjande enkeltsider:

  1. https://www.aftenposten.no/
  1. https://www.aftenposten.no/norge/i/na9jPJ/-Utsolgt-hos-Norwegian-Stor-pagang-hos-Vy
  1. https://www.aftenposten.no/100Sport/fotball/Messi-magi-senket-Liverpool--Det-er-nesten-ikke-til-a-tro-273233b.html
  1. https://www.aftenposten.no/kultur/i/y3l2Lg/Historisk-rekord-for-siste-film-i-Avengers-serien
  1. https://www.aftenposten.no/100Sport/
  2. Opprett bruker for digitalt abonnement (Schibsted-konto)

Sidene som ikkje er lenka i lista, har ei nettadresse som er unik for kvar brukar.

3.6 Aktivitet under tilsynet

Tilsynet med Aftenposten AS AS omfatta følgjande aktivitetar: 

  1. Tilsynsvarselet vart sendt 08.04.2019.
  2. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 18 og 19.
  3. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 13.06.2019 og 21.06.2019.
  4. Tilbakemelding frå verksemda på førebels rapport vart motteke 27.06.2019.
  5. Opphavleg endeleg tilsynsrapport vert sendt verksemda 05.07.2019.
  6. Dialogmøte mellom Difi og mediesektoren 11.10.2019.
  7. Tilbakemelding frå verksemda etter møtet vart motteke 21.10.2019.

4 Regelverk

Oversikt over aktuelt regelverk for kontrollen

5 Standarden for nettløysingar

Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

  • Syn
  • Kognisjon
  • Lese- og skrivevanskar
  • Norsk som andrespråk
  • Motorikk
  • Høyrsel
  • Epilepsi
  • Belastningsskadar

Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

  • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
  • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
  • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.