Statusmåling 2018 - Oppsummering

Tilsynet har målt status for universell utforming (uu) av 278 nettstader i privat og offentleg sektor. Det er gjennomført 26 818 enkelttestar. I alt 60 prosent av testane gir resultat som indikerer samsvar med krav til universell utforming av ikt.

Publisert: 13. des 2018, Sist endra: 24. apr 2019

278

nettstader

26 818

testar

60 %

samsvar

1. Statusmåling 2018 - Bakgrunn og formål

Digitalisering og nedbygging av manuell tenesteyting aukar kravet til sjølvbetjening. Universell utforming skal bidra til at flest mogleg kan delta på digitale arenaer. Manglande universell utforming skapar digitale barrierar.

Tilsynet legg stor vekt på brukarvolum når samfunnsområde skal prioriterast for kontroll og kartlegging. SSB sine undersøkingar om befolkninga (16-79 år) sin bruk av internett generelt og bruk av offentlege nettenester, viser at

  • 96 prosent har brukt internett siste 3 månader
  • 92 prosent har brukt nettbanktenester
  • 61 prosent har kjøpt reiser/innkvartering
  • 45 prosent har kjøpt kle/sportsartiklar
  • 41 prosent har kjøpt film/musikk
  • 82 prosent har skaffa seg informasjon frå offentlege myndigheiter sine nettsider
  • 65 prosent har sendt inn utfylte skjema til offentlege myndigheiter gjennom internett

Tilsvarande undersøking gjort av SSB i 2017 viser at 89 prosent av befolkninga (16-79 år) brukar internett til å lese eller laste ned aviser og magasin.

Formålet med tilsynet sine målingar av status for universell utforming av ikt, er å avdekke digitale barrierar. Det er lagt vekt på at årets måling skal famne om nettstader som har store brukarvolum på samfunnsområde som er særleg viktige for likeverdig samfunnsdeltaking. I tillegg brukar tilsynet resultat frå målinga til å peike ut nettstader som er aktuelle for kontroll.

Risiko og vesentlegheit ligg til grunn for utval av verksemder og nettstader. Tilsynet vurderer risiko for utestenging eller hindringar for inkludering på samfunnsområde som

  • er særleg viktige for å sikre likeverdig samfunnsdeltaking
  • legg stor vekt på digitale løysingar i kontakt med publikum
  • har stort bruksvolum for ikt-løysingar

Risiko og vesentlegheit er også styrande for val av tilsynsobjekt. Resultat frå statusmålingar og tidlegare tilsyn er viktige informasjonskjelder når tilsynet vel ut kven det skal førast tilsyn med og kva tema tilsyna skal kontrollere.

Nettstadene som er testa i målinga, er spreidde på mange samfunnsområde. Vi har valt ut store verksemder og organisasjonar innan

  • varehandel, elforsyning, internett
  • media
  • bank, forsikring, annan forretningsmessig tenesteyting
  • transport, reise, overnatting
  • utdanning
  • helse og sosial
  • kommunal forvaltning og tenesteyting
  • statleg forvaltning og tenesteyting
  • kultur, fritid, organisasjonar

Resultata frå målinga gjeld for verksemdene og nettstadene som er testa.
I og med at utvalet i hovudsak er sett saman av nettstader med store brukarvolum, kan vi ikkje generalisere resultata til å gjelde for alle nettløysingar. Bakgrunnen for eit risikobasert utval, er at tilsynet prioriterer nettstader der manglande universell utforming får konsekvensar for mange brukarar.

Resultattabell for alle nettstadene som er med i målinga.

2. Resultat frå statusmålinga

Regelverket gjeld

Til 2021:

Regelverket gjeld for nettstader som er anskaffa etter 1. juli 2014.

Frå 2021:

Regelverket gjeld for alle nettstader, uavhengig av kjøpstidspunkt.

Til saman 60 prosent av enkelttestane i målinga gir resultat som indikerer samsvar med krav i W3C sine retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0. Denne standarden er det vist til i forskrift om universell utforming av ikt (Lovdata).

Det er stor variasjon i resultat mellom nettstadene som er med i målinga. Beste verksemd i årets måling oppnådde
92 prosent samsvar med krav til universell utforming. Svakaste resultat var 34 prosent. Det er i gjennomsnitt utført 96 enkelttestar på kvar av nettstadene i målinga. For å skåre 100 prosent, må alle enkelttestane gi resultat som indikerer samsvar med krav til uu av ikt. Figuren under viser prosentskår for alle nettstadene som er med i målinga.

Figur 1: Resultat for nettløysingane. Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt.

Nettstadene i målinga som er anskaffa eller utvikla etter at regelverket vart innført i 2014, skårar betre enn eldre nettstader. Det samla resultatet
(60 prosent samsvar) i årets måling indikerer ei betring sidan førre måling i 2014. Sjølv om målingane ikkje kan samanliknast direkte, underbygger skilnaden mellom nyare og eldre nettløysingar, at status for universell utforming av nettstader er betra.

Figuren under viser at nettstadene i målinga som er anskaffa etter
1. juli 2014, skårar 62 prosent, medan eldre nettløysingar skårar
57 prosent.

Figur 2: Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt. Nettstader etter anskaffingstidspunkt.

To tredjedelar (68 prosent) av nettstadene i målinga er anskaffa etter
1. juli. 2014, og dermed aktuelle for tilsyn. Vel 30 prosent av nettstadene er anten anskaffa før regelverket var innført, eller har ukjent anskaffingstidspunkt. Dette inneber at inntil ein tredjedel av nettstadene i statusmålinga, per no ikkje er underlagt krava til universell utforming. Om desse gjennomgår oppgraderingar før 2021, skal dei vere utforma i samsvar med regelverket. Frå 2021 skal alle nettstader vere universelt utforma.

Figuren under viser fordeling av nettstader i målinga, etter anskaffingstidspunkt.

Figur 3: Prosentdel av nettstadene i målinga som anten er anskaffa før eller etter 1. juli 2014.

Statusmålinga vert følgt opp gjennom tilsyn med eit utval av nettstader som er testa i målinga, med vekt på område der vi har avdekka risiko eller barrierar for digital inkludering. Dette er gjort nærare greie for under.

3. Resultat for innhaldstypar og funksjonalitet

Statusmålinga bygger på eit utval av 16 av 35 krav til nettløysingar som følger av standarden WCAG 2.0 og forskrift om universell utforming av ikt. Det er gjort eit utval av testsider og testobjekt på kvar nettstad. I og med at nettstadene er vurderte i form av stikkprøvar, er resultata å sjå som indikasjonar på grad av samsvar eller brot med krava i standarden.

Tema for statusmålinga er

  • navigasjon
  • tastaturbetjening
  • koding av innhald
  • bruk av skjema
  • alternativt format for ikkje-tekstleg innhald

Det er gjennomført ulike testar under kvart tema. Dette er forklart nærare i den tematiske gjennomgangen. Alle nettstader i målinga har gjennomgått dei same testane. Figuren under viser kort stor prosentdel av enkelttestane som gav resultat i samsvar med krava, på dei ulike tema eller områda i målinga.

Figur 4: Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt. Utvalde tema og samla resultat.

3.1 Testresultat for navigasjon på nettsider

I denne statusmålinga dekker testane på området navigasjon

Resultat navigasjon

  • 7 361 enkelttestar
  • 68 % samsvar
  • markering og formulering av lenker
  • styring av lyd
  • kontrast mellom tekst og bakgrunn
  • moglegheit til å forstørre
  • om overskrifter er beskrivande

Figuren under viser resultata nettstadene oppnådde på temaet navigasjon.

Figur 5: Navigasjon. Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt.

Sjølv om testresultata for navigasjon samla sett er 68 prosent samsvar, indikerer målinga likevel at det er nokså høg risiko for digitale barrierar på dette området.

Dette gjeld særleg for kontrast mellom tekst og bakgrunn. Det er målt kontrast på i alt 1 200 enkeltsider. Berre ein tredjedel (34 prosent) av desse er utan kontrastfeil. Eit anna resultat er at mindre enn halvparten
(42 prosent) av nettsidene i målinga har moglegheit til forstørring utan at innhald eller funksjonalitet går tapt.

God kontrast og moglegheit til å forstørre innhald, er særleg viktig for svaksynte. Desse krava vil også gjere nettsider meir brukarvennlege for alle, uavhengig av funksjonshemming. Begge krava vil framleis vere tema i tilsyn.

To av krava til navigasjon gjeld formulering av overskrifter og lenker. Dette er viktige krav, som den enkelte som publiserer innhald på nettsider fullt ut har kontroll over. Det er svært gode resultat for begge desse, med
98 prosent samsvar for overskrifter og 91 prosent samsvar for lenker.

Lyd som startar automatisk, skal kunne styrast av brukaren. Det er berre tre nettstader i målinga som har denne innhaldstypen, og to av desse er utforma i samsvar med kravet

3.2 Testresultat for bruk av tastatur

For temaet tastaturbetjening er det testa om det er

Resultat tastaturbetjening

  • 3 540 enkelttestar
  • 64 % samsvar
  • mogleg å nå og bruke innhald og funksjonalitet med tastatur
  • synleg fokusmarkering ved bruk av tastatur
  • tastaturfeller ved bruk av tastatur

Figuren under viser resultata nettstadene oppnådde på temaet tastaturbetjening.

Figur 6: Tastaturbetjening. Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt.

Det er ujamne resultat for test av moglegheiter til tastaturbetjening. At tastaturfeller knapt finst på nettstadene som er med i målinga, er eit svært viktig resultat. Viss nettsider er utforma slik at ein vert «sittande fast» i innhaldskomponentar, er nettstaden umogleg å bruke med tastatur. Dette kravet skal i særleg grad ivareta blinde, svaksynte og personar med nedsett motorikk.

Kravet om at brukaren skal nå og betjene innhald og funksjonalitet med tastatur, er ivareteke på berre halvparten (50 prosent) av testsidene, og færre enn halvparten (42 prosent) har synleg fokusmarkering. Dette ligg til grunn for at tastaturbetjening er vurdert som risikoområde, og også framover aktuelt som tema for tilsyn.

3.3 Testresultat for koding av innhald

Koding av innhald skal gjere nettstader tilgjengelege for brukarar av datahjelpemiddel. Dette gjeld både blinde, sterkt svaksynte, døvblinde og i tillegg personar med dysleksi som har nytte av å bruke opplesingsverktøy.

Krava skal sikre at visuell presentasjon er ivareteken i koden. Ulike innhaldstypar, som for eksempel skjema, skal kunne identifiserast, og kodesyntaksen skal ikkje innehalde feil. Utvalet av krav i denne statusmålinga dekker

Resultat koding av innhald

  • 9 729 enkelttestar
  • 59 % samsvar
  • koding av lister
  • koding av overskrifter
  • koding av skjemaelement
  • koding av knappar
  • kodesyntaks
  • koding av tabellar

Figuren under viser resultata nettstadene oppnådde på temaet koding av innhald.

Figur 7: Koding av innhald. Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt.

Det er store variasjonar i målinga når det kjem til koding av ulike innhaldstypar. Det nokså gode resultat for koding av overskrifter
(73 prosent samsvar) og lister (87 prosent samsvar). Dette indikerer at visuelle overskrifter og lister i stor grad vert presentert på rett måte, ved bruk av datahjelpemiddel.

Koding av tabellane som er testa i målinga, viser svært dårlege resultat
(29 prosent samsvar). Tabellar vert gjerne brukte for å sortere kompleks informasjon. Når tabellar ikkje er koda rett, er informasjon i tabellar lite tilgjengeleg, ved bruk av for eksempel opplesingsverktøy.

Test av kode for skjemakomponentane som er vurderte i målinga, viser høvesvis 56 prosent samsvar for skjemaelement og 52 prosent samsvar for knappar. På same måte som over, indikerer dette at skjema kan vere vanskelege å bruke for personar som er avhengige av datahjelpemiddel.

Kodesyntaks er testa på omlag 1 200 nettsider i statusmålinga. Det er avdekka feil på nær halvparten av sidene (46 prosent). Dette indikerer at kodesyntaks og koding av skjema og tabellar er risikoområde.

3.4 Testresultat for bruk av skjema

Resultat bruk av skjema

  • 3 397 enkelttestar
  • 51 % samsvar

Bruk av skjema famnar i denne målinga om

  • ledetekstar og instruksjonar i skjema
  • feilmelding i tilknyting til obligatoriske skjemafelt

Figuren under viser resultata nettstadene oppnådde på temaet bruk av skjema.

Figur 8: Bruk av skjema. Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt.

Digitale skjema er heilt avgjerande for sjølvbetjening på nettet. Skjemaløysingar famnar om for eksempel innlogging, bestilling, kjøp, søknader, kontaktskjema, kommentarfelt, deling av artiklar i sosiale medium, påmelding til nyheitsbrev med meir.

Skjema er eit risikoområde i kraft av å vere vesentleg for likeverdig samfunnsdeltaking og digital inkludering. Skjema er derfor tema i alle kontrollar i samband med tilsyn. Halvparten (51 prosent) av ledetekstar, instruksjonar og feilmeldingar som er testa i denne målinga, er utforma i samsvar med krava til uu av ikt. Dette indikerer at digitale skjema kan vere vanskelege å bruke for mange.

Krava til skjema er tenkt å ivareta eit breitt spekter av brukargrupper som blinde, svaksynte, fargeblinde, døvblinde og personar med nedsett motorikk og nedsett kognisjon. Universell utforming av ledetekstar, instruksjonar og feilmeldingar vil også generelt gi høgare brukskvalitet og slik sett ivareta alle brukarar. Dette er særleg viktig, også med tanke på ei aldrande befolkning, som mest sannsynleg både vil og må ha stadig større grad av sjølvbetjening.

Universelt utforma skjema skal bidra til likeverdig deltaking på mange samfunnsområde. Verksemder som tilbyr varer og tenester via internett, bør også ha stor interesse av å nå ut til flest mogleg.

3.5 Testresultat for alternativt format

Regelverket stiller krav om at ikkje-tekstleg innhald skal presenterast i eit alternativt format. I denne statusmålinga har vi vurdert om

Resultat alternativt format

  • 2 791 enkelttestar
  • 45 % samsvar
  • tekstalternativ forklarar innhald i bilde og illustrasjonar
  • tekstalternativ og eventuell lenketekst forklarar formål
  • teksting eller anna tekstalternativ formidlar innhald i videoar

Figuren under viser resultata nettstadene oppnådde på temaet alternativt format.

Figur 9: Alternativt format. Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt.

Krava til bilde og illustrasjonar, lenka og ulenka, er at dei skal ha eit tekstalternativ i koden som er beskrivande for innhaldet. Komplekse illustrasjonar som for eksempel diagram eller organisasjonskart, skal i tillegg ha ei tekstleg forklaring på nettsida. Krava er primært utforma med tanke på bruk av datahjelpemiddel, men krav om tekstlege forklaringar på same side som for eksempel eit datadiagram, gjer informasjonsinnhaldet meir tilgjengeleg for alle brukargrupper.

Førehandsinnspelte videoar skal ha teksting som er synkronisert med videoen. Dersom dette ikkje finst, skal videoen ha eit anna tekstalternativ. Både tale og annan informasjon i videoane skal formidlast. På nettstadene som er med i statusmålinga, har vel ein tredjedel (37 prosent) av videoane teksting eller anna tekstalternativ i samsvar med kravet. Kravet er primært tenkt å ivareta døve og personar med nedsett høyrsel, men kan også gjere denne typen medieinnhald meir tilgjengeleg for alle brukarar.

Det er gjennomført i alt 2 791 testar av illustrasjonar og videoar i statusmålinga. I og med at under halvparten (45 prosent) av desse er i samsvar med krava, kan bilde og video vere lite tilgjengelege for fleire brukargrupper. Alternativt format er vurdert som eit risikoområde.

4. Resultat for nettstader på ulike samfunnsområde

Resultat frå årets statusmåling kan indikere at testresultat for nettstadene i offentleg sektor samla sett er betre enn i privat sektor, sjølv om resultata strengt tatt ikkje kan generaliserast. Samla resultat for nettstadene i offentleg sektor viser 65 prosent samsvar, mot 57 prosent samsvar i privat sektor.

Ei tidlegare statusmåling viser same tendens. Tilsynet si måling av kjennskap til regelverket i 2015, peika i retning av at regelverket er noko meir kjent i offentleg sektor enn i fleire næringsgrupper i privat sektor. Dette kan ha innverknad på resultatet. Figuren under viser samla testresultat for nettstadene som har vore med i årets måling, spesifisert på offentleg og privat sektor.

Figur 10: Prosentdel testresultat som er i samsvar med krav til uu av ikt, totalt og fordelt på privat og offentleg sektor.

Det er store variasjonane blant verksemdene som er med i målinga både i privat og offentleg sektor. Mellom verksemdene i privat sektor, varierer resultata mellom 34 og 86 prosent samsvar, medan nettstadene vi testa i offentleg sektor har ein variasjon frå 35 til 92 prosent samsvar. Variasjonane i resultat mellom nettstadene på samfunnsområda som er med i målinga, er illustrerte i figuren under.

Figur 11: Resultat for nettløysingane. Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt innan ulike samfunnsområde.

4.1 Nettaviser og andre medienettstader

Eksempel på medienettstader i målinga

  • NRK
  • VG
  • Dagbladet
  • Aftenposten
  • Nettavisen
  • Dagens Næringsliv
  • Bergens Tidende
  • Adresseavisen
  • Stavanger Aftenblad

Medienettstadene har store brukarvolum. Universell utforming av medienettstader er dermed viktig for store brukargrupper. Målinga tek føre seg sju av dei ti nettavisene, som ifølge tal frå Medienorge er dei største i landet. Også større regionaviser og andre store nyheitsformidlarar er testa. Målinga famnar i tillegg om enkelte lokalaviser.

Det er gjennomført 2 525 enkelttestar på i alt 25 medienettstader. Om lag halvparten (53 prosent) av testane gav resultat som er i samsvar med krava til universell utforming. Dette er det gjort nærare greie for i figuren under.

Figur 12: Media. Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt. Utvalde tema.

Video er ein viktig del av nyheitsformidlinga. Regelverket stiller krav om alternativt format for ikkje-tekstleg innhald. Dette inneber at videoar skal vere teksta eller ha anna tekstalternativ. Det er testa
29 førehandsinnspelte videoklipp på medienettstadene i målinga, og berre
10 av desse har teksting eller tekstalternativ i samsvar med krav til universell utforming.

Skjemaløysingane på medienettstadene famnar i hovudsak om kjøp av abonnement, kommentarfelt, deling av artiklar i sosiale medium, påmelding til nyheitsbrev med meir. Samla skår for test av koding av skjemafelt, feilmeldingar og ledetekstar er 46 prosent samsvar med krav.

Medienettstadene, særleg dei store riksdekkande og regionale nettavisene, har mykje innhald og hyppig oppdatering. Navigasjon har mykje å seie for bruksopplevinga. God kontrast mellom tekst og bakgrunn er svært viktig for både navigasjon og tilgang til informasjon. Det er målt kontrast på
116 sider fordelt på 25 medienettstader. Berre 14 prosent av sidene er fullt ut i samsvar med krav til kontrast.

Andre krav til navigasjon gjeld moglegheit for forstørring utan at innhald og funksjonalitet går tapt. Resultat på dette området er 30 prosent samsvar. Også innhald i overskrifter og lenker er viktige for navigasjon. På desse områda er meir enn 90 prosent av testobjekta i samsvar med krav til uu av ikt. Samla sett skåra medienettstadene 61 prosent på test av navigasjon.

Tastaturbetjening er ei stor utfordring på medienettstadene i målinga. Det er gjennomført testar på 102 nettsider på medienettstadene. Det er mogleg å nå alt innhald med tastatur på 27 prosent av testsidene. Resultat for fokusmarkering er 24 prosent samsvar. Dette er ei alvorleg barriere for dei som brukar tastatur som navigasjonsmåte.

Medienettstadene har svært mange brukarar og er derfor viktige for likeverdig samfunnsdeltaking. Saman med resultata for medienettstadene samla sett i målinga, indikerer dette at mediesektoren er eit potensielt risikoområde.

4.2 Nettbutikkar

Eksempel på nettbutikkar i målinga

  • Vinmonopolet
  • Nille
  • Plantasjen
  • Elkjøp
  • Komplett
  • Clas Ohlson
  • KappAhl
  • Dressmann
  • Cubus
  • Stormberg
  • XXL
  • Jysk
  • Kid Interiør

Internetthandelen er i kraftig vekst. Virke sin handelsrapport 2017/2018 viser at internetthandelen aukar vesentleg meir enn handel i butikk. Ifølge tal frå SSB selde nettbutikkane i Norge for over
21 milliardar kroner i 2017, ein vekst på
13,5 prosent frå året før. Dette gjer universell utforming viktig, både for seljar og kjøpar.

I statusmålinga er det gjennomført i alt
2 303 testar på 22 nettbutikkar.
Vel halvparten (52 prosent) av testane viser samsvar med krav til uu av ikt. Utvalet femner om store verksemder i varehandelen som alle har eit stort volum av netthandel innan sport, kle, elektronikk, møbel, interiør med meir.

I tillegg inngår også 11 verksemder på området elforsyning, internett- og mobilleverandørar. Resultatet er 53 prosent samsvar når vi ser nettstadene vi har testa i gruppa varehandel, elforsyning og internettleverandørar samla. Figuren under inneheld meir informasjon om testresultat for nettstadene vi har testa på dette området.

Figur 13: Varehandel, elforsyning, internett. Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt. Utvalde tema.

Skjemaløysingar er særleg viktige for netthandel. Skjema vert brukte ved innlogging, kjøp, kontakt med nettbutikken, påmelding til nyheitsbrev med meir. Om lag halvparten av skjematestane (50 prosent) gav resultat i samsvar med krava til universell utforming. Dei største utfordringane gjeld

  • ledetekstar og instruksjonar
  • feilmeldingar

Dette kan potensielt gjere det vanskeleg for mange brukarar å handle på nettet. Ikkje alle kan eller har moglegheit til å handle i vanleg butikk. Netthandel er derfor eit viktig alternativ, som kan hjelpe brukarar å handle effektivt og sjølvstendig. Dette vert også påpeika i dialogen tilsynet har med brukarorganisasjonar.

Varehandelen brukar ofte video til marknadsføring og produktinformasjon. Av 25 videoar i denne målinga, er berre 9 teksta eller har tekstalternativ i samsvar med krav til universell utforming. Det er også mykje bruk av bilde i presentasjon av produkt. Regelverket stiller krav om at bilde skal ha eit tekstalternativ som formidlar informasjonen gitt i bildet. Dette kan vere avgjerande for tilgang til innhald ved bruk av datahjelpemiddel.

Eit eksempel er at bilde av klesplagg skal ha tekstalternativ som gir same informasjon som ein får ved å sjå på bildet, som for eksempel type klesplagg, farge og fasong. Ein tredjedel av dei om lag 100 bilda vi har testa på nettbutikkane i målinga har fullgodt tekstalternativ.

Mange nettbutikkar har store og komplekse nettstader med eit omfattande vareutval å orientere seg i. Enkel og brukarvennleg navigasjon skal sikre at flest mogleg har nytte av nettsidene. På dette området skårar nettbutikkane 60 prosent. Utfordringane gjeld særleg

  • moglegheit til forstørring av innhald
  • markering av lenker
  • kontrast mellom tekst og bakgrunn

Testresultata viser også at det er utfordringar med å betjene nettbutikkane i målinga med tastatur. Samla oppnår nettbutikkane 45 prosent samsvar på dette området. Kravet om at det skal vere mogleg å nå og betjene innhald og funksjonalitet med tastatur, er ivareteke på om lag 20 prosent av testsidene på nettbutikkane. Berre 13 prosent hadde synleg fokusmarkering ved bruk av tastatur.

Tilsynet vurderer nettbutikkar og varehandel som eit risikoområde. Bakgrunnen er at netthandel er i kraftig vekst, både i omsetning og tal på brukarar. Samtidig avdekker vi nokså svake resultat for universell utforming av nettbutikkane som er med i målinga.

4.3 Kultur, fritid og organisasjonar

Nettstadene i denne kategorien famnar om kulturinstitusjonar, fritidstilbod, ideelle organisasjonar og interesseorganisasjonar innan utdanning og arbeidsliv. Like moglegheiter til å delta i kulturlivet, organisasjonar og fritidsaktivitetar er svært viktige for likeverdig samfunnsdeltaking.

Det er utført i alt 3 213 testar på 33 nettstader. Samla resultat for gruppa er 55 prosent samsvar med krav til uu av ikt. Resultata for nettstadene som er med i målinga på desse områda, går fram av figuren under.

Figur 14: Kultur, fritid, organisasjonar. Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt. Utvalde tema.

Nettstadene vi har testa i gruppa kultur, fritid og organisasjonar har svakare resultat enn målinga samla for områda navigasjon og tastaturbetjening. Dette er særleg knytt til

Eksempel på kulturinstitusjonar og organisasjonar i målinga

  • Kristiansand Dyrepark
  • Riksteatret
  • Den Nationale Scene
  • Oslo Nye Teater
  • Nasjonalmuseet
  • Norges Røde Kors
  • Flyktninghjelpen
  • Redd Barna
  • Kreftforeningen
  • LO
  • Utdanningsforbundet
  • Fellesforbundet
  • Norsk Sykepleierforbund
  • kontrast
  • markering av lenker
  • fokusmarkering ved bruk av tastatur

Også betjening av skjema ei utfordring. Resultat for betjening av skjema er
44 prosent samsvar. Det er testa
165 obligatoriske skjemafelt på nettstadene i denne gruppa, og berre ein tredjedel gav feilmelding ved brukarfeil. Halvparten av skjemafelta har mangelfulle ledetekstar og instruksjonar.

Det er også avdekka nokså omfattande manglar ved tekstalternativ til illustrasjonar (34 prosent samsvar) og teksting av videoar (39 prosent samsvar).

4.4 Transport, reise og overnatting

Både transportsektoren, reiseoperatørane og hotellbransjen legg i hovudsak opp til at bestilling og kjøp skjer via internett. Tal frå SSB viser at meir enn 60 prosent av befolkninga mellom 16 og 79 år har kjøpt og bestilt reiser eller innkvartering på internett i år.

Det er gjennomført 2 654 testar på i alt 27 nettstader innan transport og overnatting. Resultatet for er 57 prosent samsvar med krava til universell utforming. Dette er utdjupa nærare i figuren under.

Figur 15: Reise og overnatting. Prosentdel testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt. Utvalde tema.

Eksempel på hotellkjeder i målinga

  • First Hotels
  • Thon Hotels
  • Scandic Hotels
  • Nordic Choice Hotels
  • Best Western

Når kjøp og bestilling i hovudsak skjer på internett, er sjølvbetjeningsløysingar svært viktige. Testane for bruk av skjema viser 46 prosent samsvar. Viss vi legg til testar knytt til koding av skjema, er resultatet 48 prosent samsvar.

Vi kan skilje mellom reise- og transportverksemdene og overnattingsverksemdene i målinga.
Ei rekke av dei største reiseoperatørane innan både luftfart, jernbane, veg- og sjøtransport er med. Også nettstadene til dei store hotellkjedene er testa. Skjemaløysingane for overnattingsverksemdene skåra samla 54 prosent, medan reiselivsverksemdene skåra 42 prosent.

Eksempel på transportverksemder

  • Norwegian
  • SAS
  • Widerøe
  • NSB
  • Flytoget
  • Fjord1
  • Color Line
  • Hurtigruten
  • Nettbuss
  • NOR-WAY Bussekspress

Skjema er å sjå som eit risikoområde i denne sektoren. Bakgrunnen for dette er både bruksvolum og at verksemdene baserer seg på stor grad av sjølvbetjening. Betjent billettsal vert fasa ut i stort omfang. Krava til utforming av skjema skal gjere det lettare å vere sjølvbetjent for alle brukarar, og særskilt ivareta blinde, svaksynte og personar med nedsett kognisjon. Universell utforming er også viktig for å ivareta ei aldrande befolkning.

Test av navigasjon viser samla sett
63 prosent samsvar. Det er stor variasjon i testresultat. Moglegheiter for forstørring utan at innhald og funksjonalitet går tapt, er ivareteke på om lag 30 prosent av testsidene i målinga. Også for krava til kontrast er det avdekka mange brot. Det er målt kontrast på i alt 114 nettsider innan reise og overnatting, og berre 30 prosent var fullt ut i samsvar med kontrastkravet.

For temaet alternativt format, med vekt på teksting av video og tekstalternativ til bilde og illustrasjonar, er det målt 45 prosent samsvar.

Resultata for tastaturbetjening er varierande. Kravet om at både at innhald og funksjonalitet skal nåast, er ivareteke i 43 prosent av testane. Synleg fokusmarkering ved bruk av tastatur, er ivareteke på 40 prosent av testane.

4.5 Bank, forsikring og forretningsmessig tenesteyting

Tal frå SSB viser at i 2018 hadde 92 prosent av befolkninga mellom 16 og 79 år brukt internett til å utføre banktenester. Det har i lengre tid pågått ei omfattande omstrukturering i næringa, med nedbygging av bemanna kontor og direkte publikumskontakt, og stor satsing på digitale løysingar. Gode sjølvbetjeningsløysingar i denne sektoren er langt på veg avgjerande for likeverdig samfunnsdeltaking.

Eksempel på bankar og forsikringsselskap i målinga

  • DNB
  • Nordea
  • Sbanken
  • Sparebank1
  • Danske Bank
  • Eika Gruppen
  • Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Storebrand
  • If
  • Frende Forsikring

Det er gjennomført i alt 3 907 testar på
39 nettstader innan bank, forsikring og forretningsmessig tenesteyting. I alt 26 av desse verksemdene er innan bank og forsikring, og det er lagt vekt på å få med dei fleste store aktørane på dette tenesteområdet. 13 av 39 verksemder er innan annan forretningsmessig tenesteyting, som eigedomsformidling og rekruttering.

Samla resultat for verksemdene som er med i målinga i denne gruppa er
61 prosent samsvar. Nettstadene innan bank og forsikring ser ut til å ha betre resultat (64 prosent samsvar) enn annan forretningsmessig tenesteyting (54 prosent samsvar). I figuren under er det gjort nærare greie for resultata.

Figur 16: Bank, forsikring, forretningsmessig tenesteyting. Prosentdel testresultat som er i samsvar med krav til uu av ikt. Utvalde tema.

Nettstadene innan bank, forsikring med meir, oppnår relativt gode resultat for navigasjon (74 prosent samsvar). Derimot var kravet om teksting av video og tekstalternativ til illustrasjon og bilde ivareteke på halvparten
(48 prosent) av testobjekta.

Resultata for koding av innhald er om lag på nivå med samla resultat for målinga. Det er likevel verd å nemne at det er avdekka feil i kodesyntaks på to tredjedelar av sidene (67 prosent ikkje-samsvar, 33 prosent samsvar). Dette gjer at nettløysingane vert vanskelegare å bruke med datahjelpemiddel.

Bruk av skjema er ei utfordring også for nettstadene som er med i målinga i gruppa bank, forsikring og forretningsmessig tenesteyting. Dette er særleg knytt til

  • ledetekstar og instruksjonar
  • feilmeldingar

Skjemaløysingane i denne sektoren er vurderte som eit risikoområde. Dette er knytt til stor grad av sjølvbetjening og svært store brukarvolum. Manglande universell utforming kan potensielt hindre mange brukarar i å utføre nødvendige tenester og redusere moglegheiter for likeverdig samfunnsdeltaking.

4.6 Utdanningssektoren

Forskrift om universell utforming av ikt vart utvida til å gjelde for utdanningssektoren frå 1. januar 2018. Nye ikt-løysingar i grunnskule, vidaregåande skule og høgare utdanning skal vere universelt utforma frå
1. januar 2019.

I denne statusmålinga er det nettstadene til grunnskular, vidaregåande skular, universitet og høgskular som er vurderte. Alle fylke er representerte. Læringsplattformer og digitale læringsressursar er ikkje med.

Det er gjennomført i alt 3 655 testar på 42 nettstader i utdanningssektoren. Desse fordeler seg på

  • 19 grunnskular
  • 11 vidaregåande skular
  • 12 universitet og høgskular

Samla resultat for nettstadene i utdanningssektoren som er med i målinga, er 61 prosent samsvar. Resultata for dei ulike tema i målinga går fram av figuren under.

Figur 17: Utdanning. Prosentdel av testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt. Utvalde tema.

Universitet og høgskular i målinga

  • Universitetet i Oslo
  • Universitetet i Bergen
  • Nord universitet
  • Universitetet i Stavanger
  • Universitetet i Sørøst-Norge
  • Universitetet i Agder
  • Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
  • Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Norges idrettshøgskole
  • Handelshøyskolen BI
  • Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Nettstadene vi har testa i utdanningssektoren har relativt bra resultat når det kjem til bruk av skjema (64 prosent samsvar). Resultata for tastaturbetjening er 70 prosent samsvar.

Det svakaste resultatet for nettstadene i utdanningssektoren gjeld området alternativt format. For teksting eller anna tekstalternativ til videoar, skårar nettstadene 38 prosent. Det er avdekka manglande samsvar i særleg på nettstadene til vidaregåande skular, universiteta og høgskulane som er med målinga.

Det er viktig å understreke at nettløysingane i utdanningssektoren på testtidspunktet ikkje var underlagt krava til universell utforming. Sektoren er med i denne målinga for å få eit første innblikk. Tilsynet vil framover sette søkelys på utdanningssektoren, med særleg vekt på digitale læremiddel og læringsplattformer. Universell utforming av denne typen nettløysingar er særleg viktig med tanke på lik rett til utdanning.

Utdanningssektoren er vurdert som eit potensielt risikoområde, med bakgrunn i vesentlegheit for svært store brukargrupper.

4.7 Helse- og sosialsektoren

Nettstadene i helse- og sosialsektoren er å finne både i privat og offentleg sektor. Gruppa femner om offentlege helseføretak og private aktørar i helse- og sosialsektoren.

Det er gjennomført 1 767 testar på 21 nettstader. 65 prosent av testane viste samsvar med krava til universell utforming. Figuren under viser resultata for tema i målinga.

Figur 18: Helse og sosial. Prosentdel av testresultat som gir samsvar med krav til uu av ikt. Utvalde tema.

Eksempel på verksemder i helse- og sosialsektoren

  • Oslo universitetssykehus
  • St. Olavs hospital
  • Helse Bergen
  • Vestre Viken
  • Sunnaas sykehus
  • Uloba - Independent Living
  • JAG Assistanse
  • AssisterMeg
  • Aberia
  • Aleris Helse
  • Colosseumklinikken

Nettstadene vi har testa i helse- og sosialsektoren gir nokså svake resultat for bruk av skjema. Det er gjennomført 62 testar av obligatoriske skjemafelt, og berre 11 gav feilmelding i samsvar med kravet. Vel halvparten (55 prosent) av skjema har fullgode instruksjonar og ledetekstar. Dette skaper barrierar for sjølvbetjening, og gjer nettstadene dermed lite tilgjengelege.

Det er målt relativt gode resultat for navigasjon (68 prosent samsvar). Krava til navigasjon som kontrast, utforming av lenker, moglegheit til å forstørre og beskrivande overskrifter og ledetekstar famnar svært mange brukssituasjonar og brukarar med ulike føresetnader. Også krava til tastaturbetjening er nokså godt ivaretekne (70 prosent samsvar).

Tal frå SSB viser at om lag to tredjedelar (65 prosent) av befolkninga mellom 16 og 79 år har søkt etter helserelatert informasjon på internett i 2018. Kontakt med helse- og sosialtenester kan ofte finne stad i potensielt sårbare situasjonar, der det er viktig for den enkelte å kunne orientere seg og samhandle utan å vere avhengig av hjelp frå andre. Det er derfor viktig at dei digitale tenestene er utforma med mål om likeverdig tilgang til informasjon og like moglegheiter til sjølvbetjening i form av for eksempel timebestilling og andre tenester.

4.8 Offentleg forvaltning og tenesteyting

I denne gruppa har vi gjennomført 5 725 testar på i alt 58 nettløysingar.
I utvalet inngår

  • 29 kommunar og 4 fylkeskommunar
  • 25 statlege forvaltningsorgan

Samla resultat for nettstadene som er med i målinga i denne gruppa,
er 68 prosent samsvar med krav til uu av ikt.

Vi utdjupar resultata vi har målt for nettstadene i målinga spesifisert på kommunar og statlege organ. Testresultat for kommunane som er med i statusmålinga er gjort greie for i figuren under.

Figur 19: Kommunal forvaltning og tenesteyting. Prosentdel av testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt. Utvalde tema.

Målinga har med kommunar frå heile landet. Det er gjennomført 3 231 testar på dei kommunale nettstadene. Resultatet viser 66 prosent samsvar. Beste kommune skårar 84 prosent, medan svakaste resultat er 46 prosent samsvar.

Eksempel på kommunar i målinga

  • Bergen kommune
  • Trondheim kommune
  • Stavanger kommune
  • Bærum kommune
  • Kristiansand kommune
  • Fredrikstad kommune
  • Sandnes kommune
  • Tromsø kommune
  • Asker kommune
  • Sarpsborg kommune

Kommunane i målinga skårar relativt bra både på området navigasjon (72 prosent samsvar) og tastaturnavigasjon
(71 prosent samsvar).

Det er noko svakare resultat for bruk av skjema (63 prosent samsvar). Det er eksempelvis testa 260 obligatoriske skjemafelt, og berre vel halvparten av desse har feilmelding som er utforma i samsvar med krav til uu av ikt. Kommunane utfører lovpålagde oppgåver på mange område. Dei aller fleste innbyggarane er mottakarar av kommunale tenester, og mange tenester vert utløyste med bakgrunn i søknader frå publikum. Det er derfor svært viktig at kommunale nettstader har tilgjengelege sjølvbetjeningsløysingar.

På området alternativt format skårar kommunane i målinga 51 prosent. Vel halvparten (56 prosent) av testa bilde og illustrasjonar har tekstalternativ i samsvar med krava. Mange kommunar legg ut videoar av politiske møte på internett. I denne målinga har vi testa
33 førehandsinnspelte videoar. Av desse er berre 6 teksta eller har anna tekstalternativ i samsvar med krav til uu av ikt. Dette er eit område tilsynet vil følge med på framover.

Resultat for nettstadene vi har testa i statleg forvaltning og tenesteyting, er gjort greie for i figuren under.

Figur 20: Statleg forvaltning og tenesteyting. Prosentdel av testresultat som viser samsvar med krav til uu av ikt. Utvalde tema.

Det er gjennomført 2 494 enkelttestar på dei statlege nettstadene i målinga, og resultatet er 70 prosent samsvar med krav til uu av ikt.

Eksempel på statlege verksemder i målinga

  • Politiet
  • Skatteetaten
  • NAV
  • UDI
  • Stortinget
  • SSB
  • Brønnøysundregistrene
  • Statens vegvesen
  • Forsvaret
  • Statens pensjonskasse
  • Arbeidstilsynet

Nettstadene innan statleg forvaltning og tenesteyting som er med i målinga, famnar om dei store publikumsretta etatane som Skatteetaten og NAV, tilsyn, direktorat og departement. Mange statsetatar har tenester til befolkninga som ikkje kan skaffast på andre måtar enn på nett. Myndigheitsorgan har ofte regelverksinformasjon på nettstadene sine som det er svært viktig at alle har tilgang til. Universelt utforma løysingar er derfor viktig, både for publikum og etatane som skal nå ut med informasjon og tenester på ein effektiv måte. Beste resultatet for statsforvaltninga i denne målinga er 92 prosent samsvar. Svakaste resultat er 35 prosent samsvar.

Også for statsetatane som er med i målinga er det målt nokså gode resultat for både tastaturbetjening (76 prosent samsvar), navigasjon
(75 prosent samsvar) og koding av innhald (69 prosent samsvar).

Samla resultat for bruk av skjema er 58 prosent samsvar med krav til uu av ikt. Det er likevel grunn til å sjå nærare på dette området. Dette gjeld særleg for feilmeldingar knytt til obligatoriske skjemafelt. Det er testa
94 obligatoriske felt på nettstadene til statsetatane. Vel ein tredjedel av desse gir feilmelding i samsvar med krav til uu av ikt. Dette kan indikere ei barriere for sjølvbetjening. For formulering av ledetekstar og instruksjonar, er det målt vesentleg betre resultat (68 prosent samsvar).

På området alternativt format, gir 65 prosent av testane resultat som er i samsvar med krav til uu av ikt. Det er best resultat for tekstalternativ til bilde og illustrasjonar, medan berre vel halvparten av dei
31 førehandsinnspelte videoane som er testa, er teksta eller har anna tekstalternativ i samsvar med krava.

Nettstadene i offentleg forvaltning og tenesteyting har relativt gode resultat på fleire område i testen. Resultata frå statusmålinga aleine er ikkje tilstrekkelege til å definere denne sektoren som risikoområde. Kommunal sektor og statlege organ som i særleg grad er innretta mot publikumsretta tenesteyting, er likevel eit prioritert område for tilsynet sine kontrollar. Bakgrunnen er omfattande digitalisering, nedbygging av manuell tenesteyting og behovet for å sikre likeverdig samfunnsdeltaking.

Sharethis

Kontakt