Statusmåling 2018 - Samla resultat per verksemd

Tilsynet har målt status for universell utforming (uu) av 278 nettstader i privat og offentleg sektor. Beste nettstad hadde 92 prosent av testane i samsvar med krav til universell utforming av ikt. Det svakaste resultatet er 34 prosent samsvar. Sjå tabell som viser samla resultat for kvar av nettstadene her.

Publisert: 13. des 2018, Sist endra: 20. mar 2019

Metode for måling av universell utforming på nettstaden

Målinga er gjennomført med bakgrunn i krava til nettløysingar utleia av standarden «Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold» (WCAG 2.0) og forskrift om universell utforming av ikt.

Målinga femner om i alt 16 av 35 obligatoriske suksesskriterium i WCAG 2.0.

Det er gjort eit utval av testsider og testobjekt på kvar nettstad. I og med at nettstadene er vurderte i form av stikkprøvar, er resultata å sjå som indikasjonar på grad av samsvar med regelverket.

Målinga er gjennomført som ein ekspertevaluering i tilsynet sine lokale i perioden juni-august 2018. Nettstader er dynamiske, nytt innhald kan leggast til og funksjonalitet på nettstaden kan endrast. Resultata frå målinga må derfor sjåast på som eit augeblikksbilde på grad av samsvar med utvalde krav i WCAG 2.0 sommaren 2018.

Testprosedyrar og vurderingskriterium følger av tilsynet si tolking av krava til universell utforming på web. I statusmålinga har vi brukt 20 av tilsynet sine 50 testprosedyrar for måling av universell utforming.

For kvar verksemd er det testa opptil fem nettsider per nettstad. Vi har gjennomført same test for alle verksemdene. Tal på enkelttestar per verksemd varierer frå 40 enkelttestar til 121 enkelttestar. Dette skuldast at nettstadene har ulik kompleksitet og ulike innhaldstypar.
I gjennomsnitt er det gjennomført 96 enkelttestar per nettstad.

Resultatet for enkelttestane er anten samsvar eller brot med krav til universell utforming. Samla resultat for kvar verksemd er oppgitt i prosent. For å skåre 100 prosent må alle enkelttestane gi resultat som indikerer samsvar med krav til universell utforming.

Om utval av verksemder til målinga

Forskrifta om universell utforming av ikt gjeld alle offentlege og private verksemder, lag og organisasjonar som brukar nettløysingar i kontakt med allmenta. Fram til 1. januar 2021 gjeld forskrifta for ikt-løysingar som er kjøpt eller utvikla etter 1. juli 2014. Frå 1. januar 2021 må alle nettstader i landet følge krava om universell utforming av ikt.

Tilsynet ønsker mest mogleg informasjon om område der vi vurderer at det er størst fare for svikt og der brot på regelverket får konsekvensar for mange brukarar.

Basert på ei vurdering av kva samfunnsområde som

  • er særleg viktige for å sikre likeverdig samfunnsdeltaking
  • legg stor vekt på digitale løysingar i kontakt med publikum
  • har store bruksvolum for ikt-løysingar

har tilsynet prioritert å teste nettstadene til store verksemder innan samfunnsområda

  • varehandel, elforsyning, internett 
  • media 
  • bank, forsikring, annan forretningsmessig tenesteyting 
  • transport, reise, overnatting 
  • utdanning 
  • helse og sosial 
  • kommunal forvaltning og tenesteyting 
  • statleg forvaltning og tenesteyting 
  • kultur, fritid, organisasjonar 

I alt er nettstadene til 278 verksemder testa. Blant desse er også
14 verksemder vi tidlegare har hatt tilsyn med.

Ikkje alle verksemder i utvalet er underlagt regelverket for universell utforming av ikt. Dette gjeld 43 verksemder i utdanningssektoren og 58 verksemder som har nettstad eigenutvikla eller kjøpt før
1. juli 2014. For 32 verksemder i målinga har vi ikkje fått oppgitt alder på nettstaden.

Vi har valt å teste nettstadene sjølv om ikkje alle per no må følge krava om universell utforming av ikt. Bakgrunnen for dette er at formålet med undersøkinga er å avdekke digitale barrierar på nett. I tillegg ønsker tilsynet kunnskap om nyare nettløysingar i større grad enn eldre er universelt utforma.

Oppsummering av statusmålinga finn du her.

Sjå opptak frå webinar med presentasjon av statusmålinga

Om tabellen

Tabellen under viser resultat for verksemdene som er med i målinga. Verksemdene er rangerte frå høgaste til lågaste prosentskår. Rangeringa er dynamisk. Dette betyr at viss ein filtrerer tabellen på for eksempel samfunnsområdet media, så vil tabellen vise ei rangert liste for medieverksemdene som er med i målinga.

I tabellen kan verksemder med lik prosentskår ha ulik plassering. Dette skuldast avrunding av resultat. Verksemder som har eksakt same resultat deler plassering.

Verksemdene har også fått resultat i form av stjerner, frå ein til seks stjerner. For å få seks stjerner må alle testane vere i samsvar med regelverket for universell utforming av ikt. Det blei gitt

  • 6 stjerner for prosentdel av samsvar lik 100 prosent
  • 5 stjerner for prosentdel av samsvar mellom 85 og 99 prosent
  • 4 stjerner for prosentdel av samsvar mellom 70 og 84 prosent
  • 3 stjerner for prosentdel av samsvar mellom 55 og 69 prosent
  • 2 stjerner for prosentdel av samsvar mellom 40 og 54 prosent
  • 1 stjerne for prosentdel av samsvar mellom 25 og 39 prosent
  • 0 stjerner for prosentdel av samsvar mindre enn 25 prosent

Til saman var det 7 verksemder som fekk ei stjerne, 87 verksemder fekk
to stjerner, 116 verksemder fekk tre stjerner, 65 verksemder fekk fire stjerner og 3 verksemder fekk fem stjerner. Det var ingen verksemder i målinga som hadde alle testane i samsvar med krava.

Du kan sjå på resultata

Tabell 1: Verksemdene rangert etter prosentdel av testane i samsvar med krava.

 

Sharethis

Kontakt